Haustkafé: Gi tid

På Høgskulen i Volda markerer vi verdsdagen for psykisk helse den 10. oktober med haustkafè og gratis varm lunsj til studentane. Student Cathrine Kraft Jakobsen opnar lunsjen med si eiga låt, og det blir ekstra fokus på temaet for verdsdagen som er "Gi tid".

På Høgskulen markerer vi også verdsdagen for psykisk helse med ein heil psykisk helse-månad og arrangement kvar torsdag i oktober! Haustkafèane vil ha fokus på å gi tid både til måltidet, den gode samtalen og det å vere saman her og no.

PS! Alle arrangement under psykisk helse-månad er gratis, utan påmelding og dei aller fleste har gratis mat ;-)

Del på