Norskkurs for flyktningar

Som følgje av krigen i Ukraina, har Høgskulen i Volda (HVO) fått tildeling frå Kunnskapsdepartementet for å ta i mot inntil 10 ekstra studentar. Plassane er øyremerka personar som har fått innvilga opphald etter kap. 4 § 34 (kollektivt vern) og § 28 (individuelt asyl) i utlendingslova.

HVO ynskjer å kome med tilbod til flyktningar som har akademisk bakgrunn frå heimlandet eller som har ambisjonar og utgangspunkt for å starte på høgare utdanning i Noreg. Vi ser det som mest relevant å tilby studieplassar på vårt norskkurs, Norwegian language and civilization for international students (NIS). 

Om norskkurset (NIS)

NIS er eit 1-årig intensivkurs (60 studiepoeng) som går frå august 2022 til juni 2023. Dette studiet passar for dei som vil studere i Norge. Ved starten er ein på nybyrjarnivå, og det krevst ingen forkunnskapar i norsk språk for å starte på kurset. Ved fullført NIS-kurs er studentane på avansert nivå (B2) og fyller krav for opptak til norskspråklege studieprogram ved HVO og i Samordna opptak som har generell studiekompetanse som opptakskrav.

Opptak av flyktningar

Når det gjeld opptak av flyktningar, vil høgskulen i ein ekstraordinær situasjon som dette kunne innvilge unntak frå enkelte opptakskrav etter individuell vurdering. Merk at vi likevel vil krevje dokumentasjon på gode engelskkunnskapar. HVO vi arrangere ein språktest for søkjarar som ikkje kan dokumentere at dei fyller krava. Testdato er 8. august (med atterhald om endringar). Les meir om engelskkravet her: https://www.samordnaopptak.no/info/english/language-requirements/ 

Søknadsperiode/frist

Aktuelle kandidatar kan registrere søknad om opptak i ein avgrensa periode, frå måndag 25. juli t.o.m. måndag 1. august

Vi har utvikla eit nettskjema som flyktningar kan fylle ut for å melde interesse. Vi vil sende ut nærmare informasjon om søknad og opptak til dei som fyller ut nettskjemaet: https://nettskjema.no/a/273413 

Vidare informasjon

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-Dir) har laga ei samleside med informasjon om opptak til høgare utdanning for flyktningar i 2022/23.

Kontaktinfomasjon

For spørsmål, send epost til: sok@hivolda.no