Studieavgift for studentar frå utanfor EU/EØS

Internasjonale studentar som er statsborgarar av land utanfor EU/EØS og Sveits må betale skulepengar dersom dei ikkje møter eit av krava for unntak. Sjå lista over unntak frå skulepengar. 

Skulepengar per studieår

Satsane for skulepengar kan verte endra frå år til år, men då berre med mindre endringar og justering for inflasjon osb.

Internasjonale studieprogramSkulepengar 2023/24Skulepengar 2024/25
Norwegian language course (NIS) 

75 000 NOK per år

78 000 NOK per år

Master in Media Practices (MMP)

115 000 NOK per år119 000 NOK per år

 

Norskspråklege studieprogramSkulepengar 2023/24Skulepengar 2024/25
Bachelor i animasjon (BA Animation)

140 000 NOK per år

145 000 NOK per år

Medieproduksjon - bachelor (BA Media Production)

Barnehagekunnskap - master (MA Early Childhood Education)

Grunnskulelærarutdanning 1-7  -  master (MA Primary Education 1-7)

Grunnskulelærarutdanning 5-10 - master (MA Secondary Education 5-10)

Helse- og sosialfag - master (MA Health and Social Science) 

Samfunnsplanlegging og leiing - master (MA Planning & Administration)

Skriftkulturar - master (MA Written Cultures)

Undervisning og læring - erfaringsbasert master (MA Education and Learning)

115 000 NOK per år119 000 NOK per år

Barnehagelærarutdanning - bachelor (BA Early Childhood Education)

Design, kunst og handverk - bachelor (BA Design, Arts & Crafts)

Friluftsliv og naturguide - bachelor (BA Outdoor Life & Nature Guide)

Historie - bachelor (BA History)

Idrett og kroppsøving - bachelor (BA Sports & Physical  Education)

Journalistikk - bachelor (BA Journalism)

Musikk - bachelor (BA Music)

Planlegging og administrasjon - bachelor (BA Planning & Administration)

PR, kommunikasjon og media - bachelor (BA PR, Communication & Media)

Sosialt arbeid, sosionom - bachelor (BA Social Work)

Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor (BA Social Work)

Språk og litteratur - bachelor (BA Language & Literature)

Teater og drama - bachelor (BA Theater & Drama)

75 000 NOK per år78 000 NOK per år

Skulepengar for fleirårige studieprogram

HVO har bestemt å "fryse" skulepenge-satsen til det som studenten betalte ved starten av studieprogrammet. Det betyr at ein student som betaler 75 000 NOK per år for det første året i ein Bachelor-grad vil fortsette å betale 75 000 NOK  per år så lenge ho/han er student i det same Bachelorprogrammet. På same måte vil ein Masterstudent som betalte 115 000 NOK i første året av mastergraden fortsette å betale 115 000 NOK per år til ho/han har fullført graden. Men dersom ein student bytter til eit anna studieprogram så må ein betale den nyaste skulepenge-satsen. Det eit-årige norskkurset (NIS) vert ikkje rekna som del av eit studieprogram, så det betyr at studenten etter fullført NIS-kurs må betale den nyaste skulepengesatsen for det påfølgande Bachelor- eller Master-programmet ved HVO.

Merk også at det er mogleg at ein student i løpet av studietida kvalifiserer til fritak frå skulepengar. Det er i så fall studenten som sjølv må følgje med på om han/ho fyller krav til fritak. HVO er ikkje ansvarleg for å kontinuerleg vurdere om studentar møter krav til fritak frå skulepengar.

 

Korleis betale skulepengar

Studentar som må betale skulepengar vil få vidare informasjon om prosedyrer og fristar i sitt opptaksbrev. HVO vil sende ut ein faktura med betalingsinformasjon til studenten. Skulepengane for heile studieåret må betalast før ein får studentstatus. Etter at skulepengane er betalt vil HVO sende ei stadfesting som studenten kan legge ved i søknad om studentopphaldsløyve. Det er ikkje mogleg å betale skulepengar i avdrag.

 

Stipend

Regjeringa har annonsert ei nasjonal stipendordning for internasjonale studentar. I utkastet til fordeling av stipend, har Høgskulen i Volda ikkje fått nokon stipend. Det er difor ikkje mogleg å søkje om stipend frå Høgskulen i Volda for studieåret 2024/25.

 

Fritak frå studieavift for internasjonale studentar som:

Er statsborgarar av EU/EØS-land eller Sveits

Studentar som kan dokumentere at dei er statsborgarar i eit EU/EØS-land eller Sveits vil få fritak frå studieavgift. Dette gjeld også studentar som har dobbelt statsborgarskap, så lenge eit av desse er frå eit EU/EØS-land eller Sveits. Sjå lista over EU/EØS-land.

Eksempel: Anna har polsk pass og har fått opptak til norskkurset (NIS) ved Høgskulen i Volda. Sidan Polen er eit EU/EØS-land vil Anna ikkje trenge å betale studieavgift.

Er innreisande utvekslingsstudentar frå eit partnaruniversitet

Innreisande utvekslingsstudentar frå eit av HVO sine partnaruniversitet i utlandet må ikkje betale studieavgift for den perioda dei er utvekslingsstudentar.

Dersom ein utvekslingsstudent vel å søke seg til regulære studieprogram ved HVO etter at utvekslingsperioda er over, kan studenten måtte betale skulepengar dersom han/ho ikkje møter eit av dei andre krava for fritak.

Eksempel: Kate frå New Zealand er utvekslingsstudent ved HVO våren 2023 og får då fritak frå studieavgift. Men ho fortsett som student ved Høgskulen i Volda på programmet Master in Media Practices frå studieåret 2023/24 og må då betale studieavgift (dersom ho ikkje møter eit av dei andre krava for fritak).

Har starta på eit fleirårig studieprogram før august 2023

Internasjonale studentar som starta på studieprogrammet før studieåret 2023/24 får fritak frå studieavgift fram til dei fullfører dette (bachelor- eller master-) programmet. Men dersom ein student skiftar til eit anna studieprogram, eller til ein annan høgskule/universitet, vil studenten måtte betale studieavgift dersom han/ho ikkje fyller eit av dei andre krava til fritak.

Eksempel: Edward from USA starta på Bachelor i sosialt arbeid ved HVO i august 2022. Han vil ha fritak frå å betale studieavgift til han fullfører Bachelor i sosialt arbeid, men om han søkjer seg vidare til Master i helse og sosial, må han betale studieavgift (om han ikkje fyller eit av dei andre krava for fritak).

Har permanent opphaldsløyve i Noreg

Internasjonale studentar med permanent opphaldsløyve i Noreg har fritak frå å betale studieavgift. Merk at dette fritaket berre gjeld for permanent opphaldsløyve (oppholdstillatelse) og at studentar med ulike typar midlertidig opphaldsløyve ikkje fyller dette kravet til fritak. Les meir om permanent opphaldsløyve

Eksempel: David frå Kenya har studentopphaldsløyve (study permit) i Noreg som er gyldig til august 2023 og han har fått opptak til Master in Media Practices frå studieåret 2023/24. Denne opphaldstypen er midlertidig (ikkje permanent) så han må betale studieavgift (dersom han ikkje fyller eit av dei andre krava for fritak). 

Har beskyttelses- eller asyl-status i Noreg

Studentar med beskyttelses- eller asyls-status i Noreg har fritak frå å betale studieavgift så lenge denne opphaldstypen er aktiv. Dette gjeld også for statsborgarar av Ukraina som har kollektiv beskyttelse i Noreg. Les meir om beskyttelse og asyl.

Eksempel: Oksana fra Ukraina har vore i Noreg sidan januar 2023 og har søkt til Norskkurset (NIS) for studieåret 2023/24. Så lenge Ukrainske statsborgarar har kollektiv beskyttelse i Noreg vil ho sleppe å betale studieavgift. 

Er kvalifisert for støtte frå Lånekassen

Internasjonale studentar som kvalifiserer til støtte frå Lånekassen har fritak frå å betale studieavgift. Internasjonale studentar kan ha rett til støtte frå Lånekassen basert på nære band til riket. Typiske eksempel på dette er:

  • å vere gift med ein norsk statsborgar
  • å ha rett til opphald i Noreg som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar
  • å ha vore busett og jobba samanhengande i Noreg i 24 månader 
  • å ha studert i Noreg i minst 3 år samanhengande utan å få økonomisk støtte frå Lånekassen eller andre utdanningsstøtteordningar. 
  • britiske statsborgarar som hadde rett til Lånekasse-støtte i samsvar med EØS-avtalen før utløpet av overgangsperiode (31.12.2020)

For meir informasjon om regelverk for støtte frå Lånekassen, sjå: https://lanekassen.no/nb-NO/regelverk/tildeling/del1-kapittel2/utenlandsk-statsborger/utenlandsk-statsborger/