Boklansering: Kreativ wellbeing

Vi har gleda av å invitere dykk til lanseringa av den nye boka "Exploring Creative Wellbeing Frameworks in Contexts: Nature, Culture, and Sustainable Futures", redigert av Wenche Torrissen og Helga Synnevåg Løvoll (Routledge, 2025). 

Fem av HVO-forfattarane bak den nye boka.

Denne utgjevinga er eit resultat av HVOs satsing på “Future Skills”, der kreativitet blir sett på som den viktigaste endrings- og omstillingskompetansen samfunnet treng. Kreativitet blir her forstått i samanheng med wellbeing, ikkje berre som ei ferdigheit for hovudet, men for heile mennesket, sett i eit humanistisk vekstperspektiv.

Boka samlar bidrag frå 15 forfattarar, inkludert 11 frå HVO og 4 eksterne samarbeidspartnarar. Ho utforskar samankoplingar mellom natur og kultur gjennom praktisk-estetiske arbeidsmåtar og drøftar korleis slike praksisar kan bidra til auka sosial berekraft og ei breiare økologisk omstilling. Boka er skriven som ein monografi med sjølvstendige artikkelbidrag, der introduksjons- og teorikapitla dannar grunnlaget for boka sitt samla narrativ. Dette verket utgjer eit internasjonalt og konseptuelt bidrag til forståinga av “creative wellbeing”, eit konsept som blir meir og meir brukt internasjonalt for å signalisere samanhengane mellom kreativitet og eit godt og meiningsfullt liv.


Intervju med redaktør og professor Helga Synnevåg Løvoll: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/pa-sporet-av-kreativ-wellbeing
 

Servering av gratis kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Alle er velkomne!

Del på: