Boklansering: «Når fortiden blir digital»

Velkommen til lansering av HVO-professor Henrik G. Bastiansens nye bok om digitalisering 18. oktober.

Henrik G. Bastiansen

Henrik G. Bastiansens fem år lange forskingsprosjekt har kulminert i den nye boka «Når fortiden blir digital. Medier, kilder og historie i digitaliseringens tid» (Universitetsforlaget, 2023). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Henrik G. Bastiansen, professor ved Institutt for kommunikasjon på Høgskulen i Volda, har skrive boka Når fortiden blir digital. Medier, kilder og historie i digitaliseringens tid, som nyleg kom ut på Universitetsforlaget.

Boka er punktumet for Bastiansens forskingsprosjekt «Exploring Digital Media History» (2018–2023), der han har forska på overgangen frå analog til digital historie langs fire hovudlinjer: massedigitalisering, historiske kjelder på dataskjermen, digitalhistorie og dessutan bruken av stordata og IT-verktøy i historisk forsking. Forfattaren har Nasjonalbibliotekets digitale arkiv som sentral case i boka.

Utgivinga blir lansert på eit arrangement i biblioteket onsdag 18. oktober, der forfattaren sjølv vil presentere boka si. Det blir også høve til å stille spørsmål etterpå.

Det blir servering av gratis kaffi og te.

Alle er velkomne!

Del på: