Boklansering: Skriftkultur 6/2024: I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule
Velkomen til lansering av det sjette nummeret av skriftserien Skriftkultur, som rettar søkjelyset på eitt av skriftkulturens grenseland – nærare bestemt perioden der born i alderen 0–8 år utviklar språk og vert innlemma i skriftkulturen og tekstsamfunnet.
Til saman 20 forfattarar har vore med og skrive dei 9 artiklane, der ein kan lese om korleis born både vert innlemma og tek seg inn i tekstkulturen og skriftsamfunnet gjennom naturfaglege samtalar i barnehagen, songstunder, fagbiletboklesing, undrande samtalar om bokstavar, rolleleik, forteljingsskriving ved bruk av ressursar frå både populærkultur og skulekontekst, funksjonell skriveopplæring i skulen og eigeninitiert tekstproduksjon på fritida.
Boklanseringa blir opna med song av Hildegunn Hovde, før redaktør Stig J. Helset og temaredaktør Gudrun Kløve Juuhl presenterer skriftserien og det nye temanummeret. Til slutt vil redaktør Liv Ingrid Aske Håberg ta ein sofaprat med Ingrid Løvik Saure og Hildegunn Hovde, som har skrive artiklane «Kunnskapsformidling i sakprosa for barn – Ein analyse av sakprosaboka Viss eg hadde hale (2019) og observasjon av høgtlesing av boka i ein barnehage» og «Songsamling i barnehagen».
Servering av gratis kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Alle er velkomne!