Boklansering: Skriftkultur nr. 5/2023: Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur

Lunsjarrangement 8. desember 23
2023-12-08T11:30:00 - 2023-12-08T12:15:00

Program:
11.30−11.45: Presentasjon av Skriftkultur nr. 5/2023 Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur ved redaktørane Stig J. Helset og Anemari Neple 
11.45−12.15: Om nynorsk litteratur ved professor Jan Inge Sørbø

Det femte nummeret av Skriftkultur inneheld ni vitskaplege artiklar om nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur. Geir Hjorthol har skrive den første artikkelen om Jon Fosses Septologien (2019–2022), og her rettar han søkjelyset mot forholdet til musikk i romanen. Denne artikkelen blei ikkje mindre aktuell då det nokre veker før skriftet var ferdig, blei klart at Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 2023, som den første nynorskforfattaren nokosinne. I den andre artikkelen stiller Jan Inge Sørbø spørsmål om lesing av litteratur kan ha køyrt seg fast i eit kritisk spor der ein heile tida er oppteken av å avsløre noko som er skjult i teksten. 

Deretter følgjer fire artiklar som tek føre seg ulike nyare nynorske romanar eller forfattarskapar. I den første av desse reflekterer Elin Stengrundet over korleis  Erlend Skjetnes ungdomsroman Eit anna blikk (2021) knyter an til moderne migrasjonslitteratur og den nynorske litteraturtradisjonen, medan Nora Simonhjell sin artikkel kastar nytt lys over den indre samanhengen i forfattarskapen til Olaug Nilssen. Marit Brekke og Wenke Mork Rogne presenterer ei posthumanistisk lesing av Is-slottet (1963) av Tarjei Vesaas, medan Beatrice G. Reed undersøker graden av naturorientering i nynorske biletbøker for barn i vår tid ved å sjå nærare på 13 prislønte nynorske biletbøker utgjevne etter år 2000. 

Sakprosasjangeren og temaet nynorsk omsetjing blir dekt av dei to neste artiklane. Brage Egil Herlofsen drøftar forholdet mellom nynorsk skriftkultur og essaysjangeren med utgangspunkt i to bøker frå Norsk røyndom-serien til Samlaget (2018), medan Marie Nedregotten Sørbø analyserer omsetjingar av Jane Austen frå engelsk til norsk i lys av skriftkulturelle og hermeneutiske perspektiv. I den siste artikkelen viser Stian Hårstad korleis vår tids språkkultur legg vekt på auka pluralisering og folkeleggjering, ikkje minst gjennom framveksten av digital teknologi som legg til rette for nye former for skriftbasert samhandling, før han drøftar kva for konsekvensar dette kan ha for skriftlegheita og for skriftkulturforskinga. 

Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne!

Del på