Boklanseringslunsj i biblioteket

Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. Vi kan seie det så enkelt som at det borna ser og høyrer, det lærer dei. Tidleg og systematisk innsats med språk gir barn ein fordel i møte med skulen.

Nynorsk med dei minste er ei fagbok med vitskaplege artiklar og didaktiske opplegg.

Heidi Fagna samtalar med tre av artikkelforfattarane, som alle jobbar på Høgskulen i Volda: Gudrun Kløve Juuhl, Anne Marta Vadstein og Liv Kristin B. Øvereng.

 

Ta med kopp og matpakke – servering av kaffi og te.

Velkomen!

Del på