Digital lunsj: Universell utforming i undervisninga

Digital lunch

Korleis kan høgskulen bidra til at flest muleg studentar får eit best muleg utbytte av undervisninga?

På digital lunsj 25. april skal vi lære meir om korleis digitale verktøy kan bidra til universell utforming, og kva omsyn bør ein ta når ein bruker varierte undervisningsmetodar som inkluderer skriftleg materiale, undervisningsvideo, webinar m.m.

Den nasjonale eininga Universell  arbeider på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet for å fremje eit inkluderande læringsmiljø for studentar slik at studentar får eit godt læringsutbytte. 

Kjetil Knarlag er leiar i Universell, har utdanning i pedagogikk og samfunnsvitenskap og er ein mykje brukt foredragshaldar i tema inkludering og universell utforming av læringsmiljø. Han er også fast gjesteforelesar ved Institutt for planlegging og administrasjon ved HVO. 

Elinor Olaussen er seniorrådgivar ved Universell og har utdanning i pedagogikk og leiing. Ho arbeider spesielt med universell utforming av læring, og er mellom anna gjesteforelesar ved Pedagogisk utviklingsprogram (PEDUP) ved NTNU. 

Det vert høve til å stille spørsmål undervegs og etter presentasjonen. 

Velkomen til å lære meir om korleis du gjer undervisninga di tilgjengeleg for alle!  
Ta gjerne med matpakken din, vi serverer kaffi/te og frukt.

Nokre ressursar for deg som vil lære meir: 
Veileder om universell utforming frå Universell 

Arrangør: Læringsmiljøutvalet, biblioteket og IT
 

 

 

 

Del på