Helsefaren ved helse – om alt helsesnakket som fører folk inn i sjukdom

Lunsjarrangement i biblioteket:

Når snakkar vi om helsespørsmål, og når snakkar vi om livsvanskar, om påkjenningar, livsfasar og meiningstap? 
Når er det diagnostiske språket det mest presise, og når er det feilplassert? 

Ved starten av Forskingsdagane med tema Helse er det viktig å spørja seg om korleis omtalen av helse fungerer.

Professorane Jan Inge Sørbø og Tor-Johan Ekeland vil samtale og tenke høgt om dette.

 

Servering av kaffi/te og sveler.

Del på: