Jane Austen snakkar norsk - men korleis?

Illustrasjon forfattar og bokomslag

Det går vel for det same om ein les ein roman i norsk omsetting eller på originalspråket? Det er jo same verk, handling og personar, berre i anna språkdrakt? Ikkje mange tek seg tid til å lese same bok på to språk samstundes, men når vi gjer det får vi oss nokre overraskingar. Marie Nedregotten Sørbø har lese fem ulike omsettingar av Jane Austen sin roman "Stolthet og fordom" og ein av "Overtalelse", og har mange underhaldande og tankevekkande eksempel frå den norske omsettingshistoria.

Lunsjforedraget på biblioteket 21. mars bygger på boka "Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation", som kom i fjor. Her diskuterer Sørbø omsetting som kunst og som utfordring, og viser korleis omsetting ofte også vil innebere omforming og fortolking av ein forfattarskap.

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda, og Associate ved Lucy Cavendish College ved Universitetet i Cambridge. Ho er også leiar for det store, europeiske forskingsnettverket DARIAH-EU ‘Women Writers in History’, og arbeider spesielt med resepsjonen av kvinnelege forfattarar på attenhundretalet.

Ta med kopp og matpakke – biblioteket spanderer kaffi og te.

Del på