Kulturlandskap under press på Vestlandet

Foto av Jan Håkon Vikane

Kystlynghei og slåttemarker er kulturlandskap som har blitt skjøtta gjennom sviing, beiting og slått over lang tid. Opphøyr av drift har ført til at begge desse raudlista naturtypane i dag er truga av gjengroing, og i kystlynghei er invasjon av framande treslag blitt eit auka trugsmål. I dei tradisjonelle slåttemarkene har opphøyr av drift ført til endringar i miljøet, og i tillegg er det funne at klimaendringar legg eit ytterlegare press på mange planteartar.

Lunsjforedraget på verdas miljødag 5. juni byggjer på nokre av funna Jan Håkon Vikane gjorde i sitt doktorgradsarbeid på spreiing av sitkagran (Picea sitchensis) i kystlynghei og studiar av den raudlista arten solblom (Arnica montana) i slåttemark. De vil få innblikk i korleis kystlynghei, som eit av våre eldste kulturlandskap, er truga av invasjon av sitkagran, og korleis den nordlegaste førekomsten av solblom langs Storfjorden på Sunnmøre er truga av klimaendringar. Jan Håkon Vikane er tilsett ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO.

Ta med matpakke og kopp, det blir servert gratis kaffi/te :-)
Alle er velkomne!

Del på