Kurs: Hugs meir! Memo studieteknikk

Treng du hukommelsesBOOST? Memo studieteknikk hjelp deg å hugse meir på kortare tid.

På kurset får du tips og nyttige øvelsar til å huske eksamen, presentasjonar, namn, språk, og mykje meir. Deltakarane skal ha med seg skrivesaker. Eit A4-ark er tilstrekkeleg.

Oddbjørn By er verdsmeister i hukommelse og er kjent frå Norske Talenter 2018, Puls, Schrödingers Katt, Newton med fleire. Både den amerikanske meisteren, og verdsmeisteren i hukommelse starta med Memo-boka, så Oddbjørn er ikkje berre god til å huske, han er og god til å lære ifrå seg. 

Ta gjerne med ting som er vanskelege å huske (og viktige å huske), så prøver Oddbjørn å gi konkret hjelp på korleis du memorerer det mest mogleg effektivt. Bruk nokre timar denne dagen, på noko du får nytte av resten av livet. 

Kurset er gratis og du får med deg ein goodiebag med litt fyrstehjelp i eksamenstida.
Det vert gratis kveldsmat i kantina etter kurset, og moglegheit for individuelle DROP IN-samtalar ved Studentsørvis og i biblioteket frå klokka 20.00–21.30. 

Les meir om Memo 

Kurshaldar: Oddbjørn By

Del på