Lanseringsseminar: Sosiologi, teologi og Helge Hognestads avhandling.

På 70-talet kom ein pionerfase for religionssosiologien i Norge. Sosiologien utfordra teologien; her møttest to fagtradisjonar over tolking av empiri, utveksling av fagperspektiv, til møte og konflikt. Helge Hognestad si avhandling i 1978 om Forkynning som legitimering brukte sosiologien til å tolke andaktar. Sosiologien gjekk inn i ein teologi som både begeistra og provoserte.

Bokomslag

Seminaret vil kaste lys over fleire sider ved perioden, ved Hallgeir Elstad, Gyrid Gunnes, Helge Hognestad, Tor B. Jørgensen, Rune Slagstad og Pål Repstad.

Seminaret er gratis, men du må bestille billett.

Les meir:

Del på: