Lunsjarrangement: Austen på Aasens mål: Om omsetjing som tolking

Foto av Marie Sørbø
Foto: Karl August Swanstrøm, HVO
2023-03-08T11:30:00 - 2023-03-08T12:30:00

For første gong kan ein no lese ein Jane Austen-roman på nynorsk, nøyaktig 150 år etter at ho første gong kom på bokmål. Northanger Abbey kom i Skalds vakre klassikarserie i 2022, omsett av Marie Nedregotten Sørbø, og har fått svært gode omtalar i avisene. Men passar nynorsk eigentleg til føremålet, og kva viser seg å vere dei største utfordringane med å omsetje Austens språk til norsk? Ho er kjend for sin humor og ironi, og si særeigne forteljarstemme. Korleis er dette forstått og formidla på dei to målføra opp igjennom tidene?


Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk ved HVO, og har undervist studentar her i over tre tiår. Ho har skrive mange artiklar og to bøker om forfattaren. Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation  (2018) handlar om dei norske omsetjingane, medan Irony and Idyll: Jane Austen’s Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen (2014) tek for seg filmversjonane. Uansett er spørsmålet korleis vi forstår denne to hundre år gamle forfattarskapen i dag.

Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.

Alle er velkomne!
 

Del på