Lunsjarrangement: Berte Kanutte Aarflot – salmediktar, bonde og sjubarnsmor
Reidun Aambø, tidlegare førstelektor ved Høgskulen i Volda, held lunsjforedrag om Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) i høgskulebiblioteket onsdag 12. mars.

I sin oppvekst såg Reidun over elva til Aarflotgarden i Åmdalen der Berte Kanutte vart fødd for 230 år sidan. Ho var ein stor forfattar for si tid og i sin sjanger. Ho vart rekna som ein av dei mest brukte salmediktarane på 1800-talet før Landstad. Likevel tok ikkje Landstad med ein einaste salme av Berte Kanutte i den store salmeboka si i 1870 – fordi ho var bonde og kvinne?
Heimen til Berte Kanutte med foreldra Gunnhild Eikrem og Sivert Aarflot, var sterkt prega av rasjonalisme og opplysningsfilosofien på 1700-talet, men sjølv valde ho ein annan veg. Heile livet arbeidde ho for haugiansk pietisme.
Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne!