Lunsjarrangement: Fem kristne strategar: Dikting, velferd og kyrkjeleg reform, 1820-1940

Tre forskarar ved Høgskulen i Volda
2024-02-08T11:30:00 - 2024-02-08T12:30:00

Boka Kristne strateger (redigert av Helje Kringlebotn Sødal, utgitt på Cappelen Damm akademisk i 2023) handlar om 33 personar som medverka til endringar i samfunnsliv og kristenliv i Noreg. 

Tre forskarar frå Høgskulen i Volda har levert bidrag til boka, og vil diskutere funna sine i ein panelsamtale på biblioteket på HVO torsdag 8. februar: 

Marie Nedregotten Sørbø har skrive om salmediktaren Berte Kanutte Aarflot (1795-1859). Som skrivande kvinne skapte ho ein plass for seg sjølv i skriftkulturen, og bante veg for andre kvinnelege forfattarar og sjelesørgjarar. 

Birger Løvlie har levert følgande tre kapittel:  

1: Presten Johan Storm Munch (1827-1903) leverte bidrag til ei friare og meir egalitær kyrkje med impulsar frå norsk-amerikansk og skotsk kyrkjeliv. Han medverka til etablering av Den evangelisk lutherske frikyrkja. 

2: Presten Gustav Jensen (1845-1922) har det meste av æra for at Den norske kyrkja fekk ein ny høgmesseliturgi og ei ny salmebok då Landstads salmebok vart revidert.  

3: Presten og politikaren Jakob Sverdrup (1845-1899), liberal politikar som kjempa for mellom anna for skulereformar og for større mynde for den lokale kyrkjelyden. 

Inger Marie Okkenhaug har skrive om misjonæren Bodil Bjørn (1871-1960). Ho sto for ein strategi med fokus på helsearbeid og diakoni blant armenarane i før, under og etter første verdskrig. 

Per Halse leier samtalen i biblioteket.

Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne! 
 

Del på