Lunsjarrangement: "Frå Hernes til nytt på nytt - skulen som styringsoffer"
Ein samtale mellom Alv Walgermo og Peder Haug om boka som Walgermo gav ut i 2024.

Boka "Frå Hernes til nytt på nytt. Skulen som styringsoffer" (Sandnes Forlag) er ei oppsummering av sentrale skulepolitiske tiltak i perioden 1990−2020, slik Alv Walgermo har erfart dei i sin sentrale posisjon frå utdanningskontoret hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Boka gir eit godt, detaljert og klart oversyn over dei sentrale elementa i skulepolitikken i desse 30 åra, men ho gir meir enn det. Ho vurderer også dei mange tiltaka og initiativa, og resultatet er ei kritisk bok. Det er ikkje uvanleg at tidlegare embetsmenn skriv bøker om det dei har vore med på, men det er ikkje ofte at ein opplever ei kritisk drøfting av erfaringane som er gjort. Difor er dette ei uvanleg bok.
Alv Walgermo er cand.polit. med lærarutdanning og hovudfag i pedagogikk. Han har undervist i 15 år i grunnskulen og vidaregåande skule og arbeidd som skulebyråkrat på Statens utdanningskontor frå 1993 og vore utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal frå 2003 til 2020.
Peder Haug er professor emeritus ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda, og har arbeidd der sidan 1976.
Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne!