Lunsjarrangement: Fyrebilsbibelen - ein "merkeleg" hundreåring

Aschim og Halse
Biblioteket
2021-11-22T11:30:00 - 2021-11-22T12:15:00

«Merkelegaste tiltaket Studentmållaget har gjort». Desse orda brukte domprost Sigurd Fjær om arbeidet til «Bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», og denne nemnda av unge aktivistar sytte for at heile Bibelen endeleg kom ut på nynorsk i 1921. Då hadde tjue teologar og lekfolk vore engasjerte i ein storstilt omsetjingsdugnad sidan 1916.

Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen? Kor merkeleg var det eigentleg at målstudentane tok på seg ei slik oppgåve? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken? Slike spørsmål vil ei rykande fersk «bok om boka» svare på. Forfattarane Anders Aschim og Per Halse presenterer smakebitar og fortel litt om arbeidet med kjeldene under lunsjarrangementet i biblioteket.

Gratis kaffi og te – ta gjerne med matpakke!
 

Del på