Oppdag lesemetoden shared reading

Påmelding
2021-09-29T11:30:00 - 2021-09-29T13:45:00
Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Tone Brandal

Det nasjonale temaet for Forskingsdagane 2021 er Fred og konflikt. Onsdag 29. september kan du lære meir om og oppleve shared reading. Dette skjer på biblioteket ved Høgskulen i Volda.

Shared reading er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Lesinga skjer nær deg, og nær der du er. Ein blir nær litteraturen og nær kvarandre. Ein kan kanskje seie at det er ei nærande form for lesing. I ein shared reading er ein personleg og kjenslemessig orientert, og metoden passar både for deg som har lese mykje eller lite.

Lesemetoden opnar for samtalar om tema ein kanskje ikkje snakkar så ofte om. Dette kan vere med å skape perspektiv og empati. Kvar enkelt deltakar møter litteraturen på sin måte.  Lesinga utvidar seg etter kvart som deltakarane bidreg med sine synsvinklar. Møtet med metoden og litteraturen kan også utfordre. Målet er at ein kan få ny innsikt eller ei ny forståing kring seg sjølv og andre. Såleis er det også ein metode som i høgste grad støttar opp om demokrati og medborgarskap. Shared reading er ein stad for vekst.

Nye relasjonar kan gi nye tankar, undring og meistring. Litteratur kan gi språk for det ein ikkje er vant med å sette ord på. Ein kan kanskje finne eit språk gjennom litteraturen. Ein shared reading er også ein stad ein kan vere stille. Ein deler berre dersom ein har lyst.

Metoden har overføringsverdi til fleire område. Den gir øving i å lese, leie, lytte og vere til stades. Ein kan oppleve å finne konsentrasjon og ro. Shared reading er også ei estetisk og deltakande oppleving. 
Lesemetoden kan vise kva høgtlesing kan vere, både som formidlingsmetode og som ein måte å verte kjent med seg sjølv på. Å verte lesen høgt for er noko ein set pris på også som vaksen!

Ein shared reading krev ingen førebuingar. Du er velkomen!

Sertifisert leseleiar og litteraturformidlar er Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

-    11.30 – 12.00: Om shared reading. Ope for alle. 

-    12.15 – 13.45: Shared reading.

Maks 10 deltakarar. Te/kaffi, lett servering. 


Vi tek omsyn til gjeldande smittevernreglar. 
 

Del på