Symposium om skriftkultur-forsking

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur har gleda av å by inn til eit ope symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking. Utgangspunktet vårt er at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkultur-studiane står i ei brytingstid. Siktemålet med symposiet er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur i ein brei literacy-samanheng: 

• Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda? 

Symposiet vil bli lagt til Høgskulen i Volda rett i forkant av Dei nynorske festspela 2018, nærmare bestemt 6.–7. juni 2018. Det vil med andre ord vere mogleg å kombinere fagleg meiningsutveksling med kulturelle opplevingar og dessutan ein fjelltur i dei vakre Sunnmørsalpane. 

Alle som er interesserte i skriftkulturfeltet, er hjarteleg velkomne til å ta del på heile eller delar av symposiet!


Stad: Høgskulen i Volda (Vesle auditorium, Berte Kanutte-huset) 


Praktisk: Det er fint om du melder frå om du kjem! Vi ber særleg om at dei som vil ta del i felleslunsjen onsdag 6. juni, gjev bindande påmelding til stig.helset@hivolda.no innan 30. mai 2018. Meld då også frå dersom du har matallergiar. 


Program:

Onsdag 6. juni

10.00-11.00: Registrering og servering av kaffi og sveler. 

11.00-11.10: Velkomen ved HVO-rektor Johann Roppen. 

11.10-11.30: Om bakgrunnen for og siktemålet med symposiet ved professor Endre Brunstad og førsteamanuensis Stig Jarle Helset

11.30-12.00: «Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet» ved professor Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo. 

12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pernille Fiskerstrand

12.30-13.00: «Skriftkulturforsking som ideologikritikk» ved professor Stephen J. Walton, Universitetet i Søraust-Noreg. 

13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Jonas Gamborg Lillebø.

13.15-14.15: Felleslunsj i kantina på Berte Kanutte-huset. 

14.15-14.45: «Kva er skriftkultur og kva utfordringar står ein overfor når ein skal avgrense omgrepet ‘skriftkultur’?» ved professor Arne Apelseth, Høgskulen i Volda. 

14.45-15.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Gudrun Kløve Juuhl.

15.15-15.45: «Skriftkultur og danning. Kva har den nynorske skjønnlitteraturen hatt å seie for danning og identitetsdanning?» ved professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda. 

15.45-16.00: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Pål Hamre.

16.30-18.30: Fjelltur til Helgehornet ved bra vêr. 

Omvising i Ivar Aasen-tunet ved dårleg vêr. 

20.00: Middag for innleiarar og arrangørar på Hotell Ivar Aasen. 

Torsdag 7. juni 

09.00-09.30: «Den nynorske romanen. Om ein skriftkulturell praksis» ved professor Geir Hjorthol, Høgskulen i Volda. 

09.30-09.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Marit Brekke.

10.00-10.30: «Opplæring i nynorsk som skriftspråk, utan dialektane» ved professor Per Henning Uppstad, Universitetet i Stavanger/Høgskulen i Volda. 

10.30-10.45: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Anne Steinsvik Nordal.

11.00-11.30: Servering av kaffi og sveler. 

11.30-12.00: «Minoritetsspråklege skriftkulturar. Normering, standardisering og bruk av minoritetsspråk» ved professor Unn Røyneland og medforfattar og postdoktor Haley de Korne, Universitetet i Oslo. 

12.00-12.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Hilde Osdal.

12.30-13.00: «Å dokumentere og forvalte ein språkkultur. Prinsipielle og aktuelle perspektiv for nynorsken» ved Margunn Rauset, leksikograf ved Språksamlingane, Universitetet i Bergen.  

13.00-13.15: Respons og ordskifte. Ordstyrar: Tor Arne Haugen.

13.30-14.15: Status og framtid for skriftkulturforskinga. Panelordskifte med spørsmål til innleiarane. Ordstyrarar: Endre Brunstad og Stig Jarle Helset

14.30-15.30: Lunsj for innleiarar og arrangørar i Ivar Aasen-tunet. 

Frå torsdag ettermiddag til søndag kveld blir det høve til å ta del i ulike delar av det rikhaldige programmet ved Dei nynorske festspela 2018 i Ivar Aasen-tunet.

Del på