Open forelesing med Espen Barth Eide

Espen Barth Eide

Brexit, ungdommen sin klimakamp og Dei gule vestane i Frankrike er symptom på mange av dei endringsprosessane Europa og verda står ovanfor. Dette og meir til skal Espen Barth Eide snakke om i forelesninga han skal gje på Høgskulen i Volda torsdag 2. mai.

Barth Eide er statsvitar og tidlegare utanriksminister og forsvarsminister i Stoltenberg II-regjeringa, direktør i World Economic Forum og spesialrådgivar i FN for generalsekretær Ban-Ki Moon. Frå 2017 har han vore valt stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Oslo. Han er nestleiar av Energi- og miljøkomitéen. Barth Eide har vore ein av Noregs fremste aktørar i internasjonal politikk i tida etter den kalde krigen tok slutt.

Torsdag 2. mai 11.00 – 12.00 i rom Strøm 244 vil han halde ei open forelesing med tittelen «Europa i endring - den liberale orden i krise: Den nye medieverkelegheita - ekkokammer, polarisering og nye sosiale bevegelsar». Forelesinga er open for alle, også dei som ikkje studerer eller arbeider ved Høgskulen. 

Det internasjonale nyheitsbilete er dominert av oppslag om politiske polariseringar og konfliktar. Ei politisk utvikling i meir autoritær i retning i fleire land som bidrar til å undergrave ytringsfridom og rettssikkerheit - til dømes i Polen, Tsjekkia, Ungarn og Tyrkia;  Dei gule vestane i Frankrike og Brexit. Også ungdommen sin nye klimakamp i Europa setter ein ny politisk agenda. Alle desse tinga er symptom på mange av dei endringsprosessane Europa og verda står ovanfor.

Les meir om besøket frå Barth Eide her.

Del på