Barnehagekonferansen 2024 Gi meg tid!

Tid er ein knapp ressurs i barnehagen! 
I år er det 20. gangen at barnehagekonferansen arrangeres i Møre og Romsdal og vi ønsker å setje fokus på kva som kan gi tid, både til barnehagelæraren og til barna.  

Årets barnehagekonferanse har fått tittelen «Gi meg tid!» og er eit uttrykk for eit behov som både tilsette og barnehagebarn kan kjenne på. Dei tilsette treng tid til det viktige arbeidet dei gjer i samspelet med barna. Tid til planlegging, for- og etterarbeid, og tid til å rettleie og arbeide med utvikling i personalgruppa. Barna treng tilsette som har tid til å vere i lag med dei og gje dei omsorg. Tilsette som har tid til å gjere dei trygge, som har tid til å forme eit godt miljø som fremmer deira utvikling og læring.  

Kunnskapsdepartementet har en klar strategi for rekruttering til barnehagelæraryrket der lærarar i barnehage skal ha gode rammer for jobben, gode utviklingsmogeligheiter gjennom arbeidslivet og motivasjon til å vere i yrket. Lærarar som jobber utenfor barnehagesektoren skal ønske å komme tilbake til læraryrket.  

​I årets konferanse vil vi sjå på rammene i barnehagen. Kva kan vere mogelege endringar for at handlingsrommet skal bli opplevd som betre? Kan vi snakke saman om kva vi tenkjer vil vere med å gi oss tid? Det betyr at vi må våge å løfte opp og riste litt i ein etablert praksis og sjå på moglegheitene til å organisere barnehagen, og barnehagedagen på nye måtar.  

Dersom rammene for arbeidet i barnehagen er gode, vil det påverke graden av det å vere tilfreds og motivert for arbeidet? Vi veit at barnehagelærarane er viktige personar i barn sine liv. Gjennom utdanning og yrke utviklar lærarar kompetanse til å fremme læring og utvikle haldningar hos barn til det beste for den enkelte og samfunnet dei er ein del av, men korleis skal vi skape rammene som vil gi barna eit godt barnehagemiljø? 

Del på