Høgskulearkiv-seminar

Høgskulen i Volda er full av spennande arkivmateriale. Noko er registrert og systematisert. Det meste er ikkje det. Forskingsgruppa AFON ved AMF i samarbeid med Forum for Høgskulehistorie inviterer til høgskulearkiv-seminar onsdag  27. november i Strøm 244, 10.00 – 15.00.

Kort sagt vil innhaldet vere

1) Kva har vi av arkivmateriale på høgskulen?

2) Kva gjer vi med det?

Øivind Hanche frå Nasjonalbiblioteket kjem for å seie noko om kva rolle NB kan spele.

Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm har forsøkt å kartlegge kva som finst av arkivmateriale på høgskulen – og det er ikkje lite. Vi vil presentere ei så fullstendig oversikt som over kva som finst på høgskulen, og som vi har klart så langt, på seminaret. Kva type innhald og kor mykje? Ikkje detaljar.

I 2021 ville DH-skulen vore 50 år. Dette må markerast. Arkivmaterialet på høgskulen er ein fantastisk ressurs når ein skal  presentere skulen si historie. Inga bygd i Norge er så gjennom-dokumentert dei siste 50 åra som Volda gjennom Næravisa, Radio Volda, Nærsynet og Nær-nett. Kva gjer vi med dette materialet? Det finst mange andre samlingar med arkivmateriale ved HVO: Kristviksamlinga, Kjeldearkivet og mykje meir. Kva finst på kontora våre? Korleis ta vare på det – og bruke det? Forsking? Studentarbeid?

Alle som har interesse for høgskulen si historie er veldig velkomne på seminaret. Vi reknar med at den første lista vi legg fram på seminaret om kva som finst på høgskulen vil bli kommentert og supplert.

 

PROGRAM

Rom: Strøm 244

Ordstyrar: Gunnar Strøm

10.00-11.15

Ola Teige:  Kvifor høgskulehistorie?

Stein-Christian Fagerbakken: Presentasjon av kva vi har av arkivmateriale på høgskulen med hovudvekt på arkivmaterialet på AMF.

Kaffipause  11.15-11.30

11.30-12.30

Kjell-Arild Madsen: Arkivmateriale frå Volda lærarskule

Terje Aarset: Kjeldearkivet med meir

Innspel frå salen

Lunsj 12.30-13.15 i kantina på BK

13.15-15.00

Biblioteket ved Mona Iren Auganes: Arkivmateriale ved høgskulebiblioteket

Øivind Hanche: Kva rolle kan Nasjonalbiblioteket spele

Ola Teige: Forskingsadministrasjonen si rolle

Høgskuleleiinga: Kva er vårt ansvar

Innspel og oppsummering

Del på