PfDK-nettverkssamling: Programmering i skule og lærarutdanning

Bli med på Zoom-webinaret.
2020-10-14T14:30:00 - 2020-10-14T15:45:00

Velkomen til tredje dag av nettverkskonferansen i profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanning og skule om ‘Digital skaparkraft’

Vi deler konferansen opp i direktesendte praktiske verkstadøkter frå kl. 14.30-15.45 over fire dagar, og har i tillegg filma foredrag og fagsamtalar om ulike perspektiv på digital skaparkraft som de finn på dei fire konferansenettsidene

Tema for denne dagen:  Programmering i skule og lærarutdanning

Innlegg (film): 

Programmering i skule og lærarutdanning med fagfornyinga - Torbjørn Frantsen, Digital kompetanse, og Kim Andre Refvik, Matematikk, HVO 

Lær Kidsa Koding og Super:BIT - Lær Kidsa Koding 

Praktisk verkstad kl.14.30-15.45:

  • ‘Programmering i fagfornyinga’, Direktesending frå Læringsverkstaden, HVO med Torbjørn Frantsen og TEKPROG-prosjektet sine kompetansepakkar for programmering i musikk, matematikk, naturfag og kunst og handverk.

 

Direktesendinga vil erstatte introduksjonsfilmen over kl. 14.30-15.45 på konferansedagen, og blir liggande her som opptak i etterkant. 
Vil du stille spørsmål eller kommentere undervegs i sendinga, må du bli med direkte på Zoom-webinaret 
(opnar 15 minutt før webinaret startar).

Tema for dei andre dagane:

12.oktober

Digital skaparkraft i skule og lærarutdanning

13.oktober

Digital undervising med film i skule og lærarutdanning

15.oktober

Makerspace/Skaparverkstad og framtidsklasserom

Prosjektleiar ved HVO: Synnøve Amdam, sha@hivolda.no 
Prosjektleiing i Udir: Marijana Kelentric, lupfdk@udir.no 

Del på