Flåklypa på film

Både Kjell Aukrust og Ivo Caprino ville blitt 100 år i 2020. Forskingsgruppa AFON (Animasjon før og no) ved Avdeling for mediefag arrangerer eit seminar om animasjonsfilmene basert på Kjell Aukrust sitt unike univers.

Flåklypa Grand Prix (Ivo Caprino, 1975) er den kinofilmen som er sett desidert flest gongar i Norge. Den er sett av over 5 millionar av oss på kino. I tillegg har den vore ein kjempesuksess som kjøpevideo. Og den visast kvart år på TV som del av juletradisjonane våre.

Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa (John M. Jacobsen og Nille Tystad, 1998) er den første animerte teiknefilmen som er laga i Norge. 

RasmusASivertsen
Rasmus Sivertsen

Dei nye dokkefilmane frå Flåklypa er alle regissert av Rasmus Sivertsen, tidlegare Volda-student. Han har også regissert ei lang rekke andre animerte kinofilmar om Hakkebakkeskogen, Kaptein Sabeltann og mykje meir. Han er den filmskaparen i Norge som har samla sett hatt det største kinopublikummet gjennom tidene!

Både Nille Tystad og Rasmus Sivertsen kjem til seminaret om Flåklypa-filmane på Høgskulen i Volda onsdag 13.november. I tillegg kjem professor Kari-Mari Jonsmoen frå Oslo MET. Saman med kunstvitar og filmskapar Stig Andersen og Gunnar Strøm har ho skrive bok om Aukrust som kjem i jubileumsåret 2020. Seminaret er ope for alle. 

 

Seminaret vert halde i det lille auditoriet i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda.

 

Program

Tysdag 12. november NB! Strøm 245

18.00     Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa (Nille Tystad og John M. Jacobsen, 1998). Filmvisning. Høgskulen i Volda. Innleiing: Nille Tystad.

Onsdag 13. november

10.00     Velkomen. Gunnar Strøm

10.15     Introduksjon til Flåklypa-universet. Kari-Mari Jonsmoen

11.00     Kaffipause

11.15     Flåklypa Grand Prix. Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm

12.00     Lunsj

12.45     Nille Tystad (Regissør Gurin med Reverompa)

13.45     Kaffipause

14.00     Rasmus Sivertsen (Regissør dei 3 nye dokkefilmane)

15.00     Oppsummering.

(Det er sett av tid til Q&A etter presentasjonane)

Del på