Fagdag om psykisk helse

Arne Holte

Har du lyst på fagleg påfyll om psykisk helse og vil lære av ein av dei beste i landet på området? Då må du delta på Høgskulen i Volda sin fagdag om psykisk helse onsdag 15. mai med professor emeritus i helsepsykologi Arne Holte.

Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i  Volda er opptatt av folkehelsa, og med støtte frå Helsedirektoratet vil vi sette psykisk helse på agendaen denne dagen.

Arne Holte er ein nestor i faget helsepsykologi i Noreg og ein kjend foredragshaldar. Under fagdagen vil du få eit krasjkurs av Holte, der han presenterer dei sju viktigaste prinsippa for å fremje god psykisk helse. Han vil vere folkehelseroientert, og blant anna setje i samanheng kor viktig psykisk helse er og kva psykiske problem kostar samfunnet. Det er lagt opp til dialog og spørsmål frå deltakarane, og sett av god til dette. 

Det vert servert gratis lunsj kl. 12.00 - 12.30. Meld frå her om du ønsker lunsj og om evt. allergiar innan mandag 13. mai kl. 14.00.

Arne Holte er professor emeritus i helsepsykologi ved Universitetet i Oslo. Han er tidlegare assisterande direktør, fagdirektør og divisjonsdirektør for psykisk helse i Folkehelseinstituttet og nestleiar i Psykologiforbundet. Holte har vore professor i klinisk psykologi ved Universitet i Tromsø, professor i medisinske åtferdsfag ved Universitetet i Oslo og hatt ei rekke faglege verv i innland og utland, i tillegg til klinisk erfaring som psykoterapeut, familieterapeut, skole­ og kommunepsykolog. Han har publisert eit stort tal vitskapelege og andre artiklar om psykisk helse og psykiske lidingar. For tida arbeider han med befolkningsretta strategiar for å fremje psykisk helse og forebygge psykiske lidingar i Norge, lokalt og nasjonalt.

Når: Onsdag 15. mai 10.00 – 14.30
Stad: Høgskulen i Volda,  Berte Kanutte-huset (BK 161)
Fagdagen er gratis, ope for alle og med lunsj.

Hjarteleg velkomne!

 

Last ned presentasjonen her
 

Del på