Nettseminar: Små krav, store skilnader

Bilete av tilsette
Frå venstre stipendiat Ida Marie Jegteberg ved Nynorsksenteret, leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret og førsteamanuensis Hjalmar Trond Eiksund ved Institutt for språk og litteratur.
Lenke til påmelding
2023-11-27T09:00:00 - 2023-11-27T10:00:00

Får lærarstudentane god nok norskkompetanse? Nei, går det fram av ein fersk rapport som blir lagd fram på dette nettseminaret.

Statlege universitet og høgskular utdannar lærarar til heile landet. Over 70 000 elevar skal ha all undervisning på nynorsk. Heile Noreg treng lærarar, men korleis utdanne lærarar til heile den norske skulen?

Rapporten som blir lagd fram på nettseminaret, er skriven av Nynorsksenteret på oppdrag frå Språkrådet.

Timeplan

9.00–10.00: Ein skuletime med Språkrådet
Pedagogikk: Ida Marie Jegteberg og Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret om funna frå den nye rapporten

Norsk: Hjalmar Trond Eiksund ved Høgskulen i Volda om kva det vil seie å ha kompetanse i norsk

Samfunnskunnskap: Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen om lærarstudentane sine språkkunnskapar i eit større perspektiv

Leksehjelp: Pål Lundberg viser fram god praksis ved Oslomet

10.00–10.05: Storefri med videoinnslag

10.05–11.00: Munnleg eksamen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, møter Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet, og andre representantar for styresmaktene i kunnskapssektoren

Med atterhald om endringar. Arrangementet blir tolka til teiknspråk.

Del på