Påmeldingsfrist: Sorggruppe for studenter våren 2024
Sorggruppe for studentar og unge vaksne
Har du opplevd eit dødsfall og ynskjer å sette av litt tid og rom til sorga? I ei sorg- og livsmeistringsgruppe kan du møte andre i liknande situasjon, der vi jobbar saman for å lære å leve med sorga i kvardagen. Dødsfallet kan ha skjedd nyleg eller ligge tilbake i tid.
Vi møtast i ei mindre gruppe og snakkar om erfaringar rundt det å miste nokon. Vi samlast 5-6 gongar vårsemesteret 2024. Gruppa leiast av studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen og studentprest Ruth Eva Sollie. Har du spørsmål ta gjerne kontakt på e-post eller telefon. Når du melder deg på, tek ein av sorggruppeleiarane kontakt.
Påmelding skjer via nettskjema innan 1. mars 2024.
https://nettskjema.no/a/387647
Gruppa har oppstart etter 5. mars 2024.