Sosial Haust: Mat og Prat

Tikkio billett
2021-11-30T17:00:00 - 2021-11-30T19:00:00

Tysdag 30. november kl. 18 er det klart for ein kveld med Mat og prat igjen!
Denne kvelden står det taco på menyen. Ein må tinge billett via Tikkio og det er først til mølla!


Vi møtast i kantina på BK, og middagen blir servert kl. 18 – så kom gjerne litt før. Under middagen vil det vere lagt opp til at ein kan ha gode samtaler med dei ein et saman med. På borda vil det ligge tips til ulike vanlige og uvanlege samtaletema ein kan ta utgangspunkt i. Arrangementet varer til kl. 20.

Viktig: Hugs å melde deg av i Tikkio om du ikkje nyttar deg av billetten, så kan nokon andre få ete seg god og mett.
Fekk du ikkje tak i billett? Fortvil ikkje! Siste Mat og prat for semesteret blir 7. desember med juleverkstad, graut og julekaker i kantina på BK, samt gløgg og lesestund etterpå! Følg «Sosial haust» på Facebook for å få med deg meir om dette 

Del på