Tekst og tanke

kl. 16.15-16.45 – Gratis pizza  

Banner Tekst og tanke

kl. 16.45-18.30 – Lesestund   

Faglege ansvarlege for arrangementet er Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingsvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).  

Bli med på Tekst og tanke, der vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og blir kjent med god litteratur og gode menneske! Denne gongen les og undrar vi oss over ei Twitternovelle og eit Instagramdikt.    

Tekst og tanke er eit tverrfagleg studentvelferdstilbod ved Høgskulen i Volda. Det er utvikla av studenthumanist Lone E. Knutsen, Elin Gundersen ved biblioteket og Guro K. Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Arrangørane møtast i ein intensjon om dialog, helse og demokrati gjennom god litteratur. For kva skjer når ei god lesing av samlesing/shared reading finn stad? Forsking i satsinga viser til ei kjensle av sanningar og eksistensiell helse, der tryggleik, likeverd, tilhøyrsle, velvære og undring står høgt. Tekst og tanke er humaniora i aksjon!    

 

ENG/// Text and Thought 

4:15 PM - 4:45 PM – Free pizza 

4:45 PM - 6:30 PM – Reading Session 

Location: Volda Univisersity College, lounge area in the Berte Kanutte cafeteria 
 

Organized by: Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsk Center), Lone Ellingsvåg Knutsen (student humanist), and Elin Gundersen (library). 

Come and be a part of Text and Thought, where we employ the shared reading method to delve into excellent literature and meet great people! This time, we will read and contemplate a Twitter novella and an Instagram poem. 

Text and Thought is a student welfare initiative at Volda Universtity College. It was developed by student humanist Lone E. Knutsen, Elin Gundersen from the library, and Guro K. Gjøsdal from the Nynorsk Center. The organizers come together with the intention of promoting dialogue, well-being, and democracy through quality literature. What happens when a good reading, as part of shared reading, takes place? Research in this initiative points to a sense of truths and existential well-being, where security, equality, belonging, well-being, and wonder hold a high place. Text and Thought is humanities in action! 


 


Programmet til Eksamensboost finner du her:

Del på: