Tekst og tanke

Har du lyst å møte andre studentar på ein litt annleis og fin måte? Eller kanskje har du lyst å bli litt klokare på livet eller deg sjølv? Bli med på "Tekst og tanke" og lytt til litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå. 

Banner Tekst og tanke

Vi samlast i ei lita gruppe over varm drikke og litt snacks. Du kan velje å berre lytte eller delta med dine tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – både om du har lese mykje eller lite.   

Det er gratis og opent for alle studentar! Meld deg på, så veit vi at du kjem.

Helsing Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret)Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).

Samlesing ("Shared Reading") er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. 

Del på: