Tekst og tanke: om festspeldiktar Knut Ødegård
Tekst og tanke 23. april er eit samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Festspela. I år er Knut Ødegård festspeldiktar, og 23. april skal vi oppleve eit dikt og ei novelle av han i Tekst og tanke.
Festspeldiktar Knut Ødegård er forfattar og kulturformidlar med baser i Molde og Reykjavík, og han er ein særleg forkjempar for menneskerettane.
Ta gjerne med ein venn, og ver velkommen til ei fin Tekst og tanke-samling tysdag klokka 15.30–17.00. Du finn oss på K100 i Henrik Kaarstad-huset.
- Dei som kjem på Tekst og tanke denne dagen, får også gratisbillett til dette Ødegård-arrangementet i Aasentunet søndag 28. april kl. 14: Festspeldiktar Knut Ødegård i samtale med Peder Gravem og opning av utstilling om festspeldiktaren
Om Tekst og tanke
Har du lyst å møte andre studentar på ein litt annleis og fin måte? Eller kanskje har du lyst å bli litt klokare på livet eller deg sjølv? Bli med på Tekst og tanke og lytt til litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå.
Vi samlast i ei lita gruppe over varm drikke og litt snacks. Du kan velje å berre lytte eller å delta med dine eigne tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – både om du har lese mykje eller lite tidlegare.
Tekst og tanke er gratis og opent for alle studentar! Meld deg på, så veit vi at du kjem.
Helsing Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).
Samlesing («Shared Reading») er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Grunnleggjaren av metoden er Jane Davis og The Reader, som du kan lese meir om her.