Tekst og tanke - på skjerm

Bli med på Tekst og tanke der vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og blir kjent med god litteratur og gode menneske! Denne gongen les og undrar vi oss over X/Twitter-noveller og Instagramdikt. Velkommen til eit litterært pusterom på skjerm!

Tekst og tanke på skjerm

Tekst og tanke på skjerm er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Universitetet i Oslo (UiO) v/studenthumanistane Birgitte Fredriksen og Lone Ellingvåg Knutsen, Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret, Elin Gundersen ved biblioteket ved HVO og Rannveig Windingstad ved biblioteket på UiO. Både på UiO og HVO vert det arrangert litterære pusterom med denne metoden som eit studentvelferdstilbod. Arrangørane møtast i ein intensjon om dialog, helse og demokrati gjennom god litteratur. For kva skjer når ei god lesing av samlesing/shared reading finn stad? Forsking i satsinga viser til ei kjensle av sanningar og eksistensiell helse, der tryggleik, likeverd, tilhøyrsle, velvære og undring står høgt. Tekst og tanke er humaniora i aksjon!

Arrangementet er ein del av programmet til Dialogfestivalen, der ein feirar Verdas filosofidag ved å legge til rette for undrande og utforskande samtalar om et tema som grip oss alle: https://www.human.no/arrangementer/dialogfestivalen-2023

Del på: