Å formidle det kompliserte

Jo Røislien kjem til HVO!
Meld deg på verkstad her
2023-12-04T11:00:00 - 2023-12-04T12:00:00

NRK-forskarprofil og formidlingsekspert kjem til HVO 

Forskingsadministrasjonen byr på forfriskande påfyll i førjulstida. Kom og bli inspirert av eit engasjerande foredrag og ein nyttig workshop om det å nå fram med ein bodskap med professor og formidlingsekspert Jo Røislien!

 

Agenda (nytt tidspunkt grunna forseinka fly):

11:00-12:00: Foredrag

12:00-12:30: Pause

12:30-15:00: Formidlingsverkstad

 

TV-suksess med å kommunisere det kompliserte 

Det er ikkje mange som evnar å kombinere fagleg tyngde og populærvitskapleg formidling som Jo Røislien. For folk flest er han kjend frå m.a. NRK-serien Kampen om Livet (2017) og Siffer (2011). Røislien har doktorgrad i geostatistkk frå NTNU og er til dagleg professor i medisinsk statistikk ved UiS og seniorforskar hos SNLA – og han er ein ettertrakta føredragshaldar og formidlar. 

Her er det berre å setje seg til rette og plukke tips og inspirasjon til neste gang du skal formidle forskinga di - enten det er til fagfeller, søknadsevaluatorar eller ålmenta. 

Vil du få ein forsmak på Røislien som formidlar? Sjå TEDx-føredraget hans «Too much information? Large datasets and chance events» (2013) på YouTube

 

Del på