Introduksjon til karriereplanlegging og vegar til førstekompetanse

Small Steps
Meld deg på her
2023-12-11T09:00:00 - 2023-12-11T12:00:00

Som høgskulelektor har du fleire moglegheiter til å utvikle deg vidare og planlegge den framtidige karrieren din. Vi inviterer difor alle høgskulelektorar til eit halvdagsseminar med lunsj der føremålet er ein introduksjon til dei to vegane til førstekompetanse og aktivitetar som driv ein vitskapleg karriere framover.

Agenda:

  • Velkomen ved rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
  • Om fyrstelektor-/dosentløypa ved rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Spørsmål og diskusjon
  • Om doktorgrads-/professorløypa ved prorektor Eirik Søvik. Spørsmål og diskusjon
  • Publisering og støtteordninga frå forskingsadministrasjonen ved forskingssjef Henriette Hafsaas. Spørsmål og diskusjon
  • Korleis gå fram for å få opprykk ved personalsjef Randi Urke. Spørsmål og diskusjon


Dette seminaret vil mellom anna vere ein førebuing til å melde seg på eit strukturert kvalifiseringsløp i 2024.

Felles lunsj i kjellaren etter seminaret. Alle som vil ha lunsj må melde seg på innan 4. desember klokka 18:00.

Del på