Mini-seminar om norskopplæring for internasjonale tilsette
Universitetet i Bergen har arbeidd med spørsmål kring norskopplæring for internasjonale tilsette ved universitet og høgskular - både fagleg gjennom forskingsprosjekt og administrativt.

No har vi vore så heldige å få to tilsette ved UiB til å kome til Volda for å innleie på eit seminar om temaet:
Forsking på feltet: Ann-Kristin Helland Gujord:
https://www.uib.no/personer/Ann-Kristin.H..Gujord
Gujord har leia prosjektet «Norsk i akademia» (NINJA) som er omtala her: https://www.uib.no/lle/120347/norsk-i-akademia .
I prosjektet har dei intervjua internasjonale tilsette og teke utgangspunkt i kva dei opplever av behov for norskopplæring, løynde og motstridande forventningar, og tilbod om norskopplæring. Ein av artiklane kan lesast her: https://bells.uib.no/index.php/bells/article/view/3539/3370
Korleis arbeider så Universitetet i Bergen meir praktisk med opplæring i norsk for internasjonale tilsette? Dette vil universitetslektor Else Berit Molde fortelje om:
https://www.uib.no/personer/Else.Berit.Molde
Seminaret er ope for alle.