Seminar om Språklova og Språkpolitiske retningslinjer for tilsette ved HVO
Nedanfor står program for seminar om språk på HVO, 23. mars kl 12.00-14.00 – møtet er i Store BK. Alle tilsette blir inviterte, men temaet er relevant og viktig for alle leiarar på HVO.
Vi har fått ny språklov og Høgskulen i Volda har fått nye språklege retningsliner – som gjeld for både faglege- og administrativt tilsette. På møtet får vi informasjon om lova og retningslinene – og diskusjon også om praktisering.
Dei språklege retningslinene er tilgjengelege på nettsidene våre under «Styringsdokument»:
https://www.hivolda.no/om/styringsdokument
Direkte lenke til språkpolitiske retningsliner:
Alle dekanar og direktør er inviterte til å kome med ein kort refleksjon over: «utfordringar og moglegheiter ved språklova og dei språkpolitiske retningslinjene for sine ansvarsområde». Om det skulle vere møtekollisjonar så håper eg det er muleg å flytte på møte – seminaret er jo for alle tilsette på HVO.
Program: Seminar om Språklova og Språkpolitiske retningslinjer for tilsette ved HVO
Tid: Onsdag 23. mars kl. 12-14. Stad: Store Auditorium på BK
12.00-12.10: Velkomen ved rektor Johann Roppen
12.10-12.30: Kva inneber den nye Språklova for administrativt og fagleg tilsette ved HVO? Ved Bjørg Nesje Nybø, seniorrådgjevar i Språkrådet
12.30-12.35: Spørsmål og diskusjon 12.35-12.55: Presentasjon av Språkpolitiske retningslinjer for HVO ved Stig J. Helset
12.55-13.00: Spørsmål og diskusjon
13.00-13.10: Pause
13.10-13.30: Direktør og dekanar reflekterer over utfordringar og moglegheiter ved språklova og dei språkpolitiske retningslinjene for sine ansvarsområde
13.30-13.50: Spørsmål og diskusjon 13.50-14.00: Oppsummering ved rektor