Kjærleikskafé
Korleis kan vi forstå kva kjærleik er? Er kjærleik noko som kan lærast? Kan det å uttrykke tankar om kjærleiken sitt mangfoldige vesen gi oss ei innsikt i kva den betyr for oss?

Tysdag 3. september kl. 19 inviterar studenthumanisten til "Kjærleikskafé" på Kaarstadstova. Kjærleikskafé er ein stad studentar møtast for ein open og undersøkande samtale om fenomenet kjærleik, og plassen den har i liva våre.
Det vert også servert kaffi/te og noko godt å bite i.
Samtalane skjer på ein respektfull måte i trygge omgjevnader. Arrangementet er livssynsopent.