Konsert med Høgskulekoret

Volda sentrum med fjord og fjell i bakgrunnen
2023-11-03T19:00:00

Fredag 3. november kl. 19.00 vil Høgskulekoret ha konsert i Volda Kyrkje. 

Repertoaret dei framfører er frå sjangrane pop, musikal, vise og folkemusikk. Det vert både a capella innslag og songar med akkompagnement. Fleire av studentane får også prøve seg som solistar med koret. 

Mange av innslaga har kjærleik som tema og konserten har fått undertittelen "Seasons of Love", som også er tittelen på ein av songane koret skal framføre, frå musikalen "Rent". 

Andre titlar folk vil dra kjensel på er "Anthem" frå Chess, "I dreamed a dream" frå Les Misérables, og frå popverda kan publikum sjå fram til å høyre mellom anna musikk av Billy Joel, Beatles og Jan Eggum.

Dirigent for koret er Karen Rosenberg Olsen, som er nytilsett høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Elizabeth Oltedal vil traktere flygelet.

Det er gratis inngang.
 

Del på