Korleis få digital tilgang til aviser, bøker, m.m. frå Nasjonalbiblioteket
Før du startar, er det lurt å lese litt om kva reglar og ordningar som gjeld ved tilgang til materiale frå Nasjonalbiblioteket: Tilgang til pliktavlevert materiale i UH-sektoren
Studentar:
Gå til https://www.nb.no/search og klikk på Logg inn øvst til høgre. Vel innloggingsmetode Feide og tilhørighet Høgskulen i Volda. Logg deg deretter inn med det brukarnamnet og passordet du har i Feide/Canvas.
Deretter går du til menyen øvst til høgre og vel Søknad om tilgang til pliktavlevert materiale.
Søk på Volda i feltet nedst, vel Høgskulen i Volda, Biblioteket og send inn søknaden om tilgang. Det er viktig at du i tillegg sender ein e-post til skranke@hivolda.no og opplyser om at du har sendt inn søknad. Då kan vi raskt logge oss på Nasjonalbiblioteket sine sider og godkjenne søknaden din. NB! Søknader må sendast inn før kl. 16 måndag–torsdag og før kl 14 fredag for å bli behandla samme dag. Søknader sendt inn etter kl 14 fredag blir ikkje behandla før måndag.
Når søknaden er godkjent, loggar du deg inn på Nasjonalbiblioteket sine sider med Feide brukarnamn og passord igjen. Du har no tilgang i åtte timar. Treng du tilgang utover dette, må du søke på nytt.
Fagleg tilsette:
Du får direkte tilgang ved Feide-innlogging. Gå til sida https://www.nb.no/search og klikk på Logg inn øvst i høgre hjørne
Logg deg no inn med Feide brukarnamn og passord, og du har tilgang.