Korleis sikre rekruttering til læraryrket?

Lærarstudent med elev

Frå 2017 vart utdanninga til grunnskulelærar femårig og gir mastergrad. Samstundes har det vore ein nedgang i unge som søker lærarutdanning, særleg 1.-7. trinn. 

For å informere om endringane i utdanningsløpet ved omlegging til master og rekruttering knytt til den nye utdanninga, inviterer Høgskulen i Volda til seminar. Vi håpar at ein slik dag kan bidra til gode innspel om korleis vi saman kan auke rekrutteringa og bevistheita rundt læraryrket. 

Program

09.30 Registrering
10.00  Opning | Johann Roppen, rektor HVO
10.10  Den nye grunnskulelærarutdanninga | Studieleiar GLU
10.30  Korleis sikre rekruttering til framtidas skule? | Ass. fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad
10.50  Kva vil det seie å vere praksisskule? | Representantar frå praksisfeltet
11.15  Varm lunsj i kantina
12.00  Digitalisering i grunnskulen | Synnøve Amdam, høgskulelektor HVO
12.20  Vegen frå Volda til Larsnes skule | Dag Atle Lee Eksund, rektor ved Larsnes skule
12.45  Beinstrekk
13.10  Erfaringar og tankar frå noverande studentar
13.30  Korleis kan vi hjelpe kvarandre med rekrutteringa til læraryrket?
14.00  Avslutning 

 

Aktuelt:

Professor Peder Haug: Lærarar nok?

Vil få eks-lærarane tilbake

Del på