Koronainformasjon studiestart 2021

No gler vi oss til studiestart, og å ynskje deg velkomen til oss. På vegne av Volda kommune og kriseleiinga ved Høgskulen har vi lyst til å dele ei oversikt over Covid-19-informasjon, nyttige linkar, kontaktpunkt og forhåpentlegvis svare på dei spørsmåla du måtte ha knytt til pandemi, vaksinering og smittevern. På den måten håper vi du vil kjenne det trygt å kome til oss, og at du veit kvar du skal vende deg om du treng hjelp eller informasjon. 


Smitteutbrot i Volda

Det har vore lite Covid-19-smitte i Volda og nabokommunen Ørsta gjennom pandemien, men i slutten av juli og starten av august hadde vi eit stort utbrot, der meir enn 150 vart smitta – om lag 80 av desse i Volda. No ser det ut til at vi har fått kontroll på smitten. Vi vil likevel oppmode alle om å ha låg terskel for å teste dykk om de merker symptom eller har vore i ein situasjon der det er risiko for at du kan ha vorte utsett for smitte. 

Testing

I samband med studiestart vil vi tilby teststasjon på høgskulen i følgjande tidsrom:

16.08. kl. 13 – 15
17.08. kl. 13 – 15
19.08. kl. 13 – 15
24.08. kl. 13 – 15

Det er ikkje nødvendig å bestille time på førehand, men dersom du likevel ynskjer dette, kan du gjere det på koronatelefonen: 70058960 (open kl 09 - 12). Teststasjonen vert på Paviljong C.

Elles ligg teststasjonen vår i Hovdebygda, midt mellom Volda og Ørsta. Du kan bestille time på nett eller ringe koronatelefonen: 70058960 (open kl. 09- 12). Har du utfordringar med å kome deg til Hovdebygda, sei frå om dette når du bestiller time, så skal vi hjelpe med å ordne testing i Volda også utanom studiestart.

Kven bør teste seg?

Kommunen ynskjer at studentar som er tilreisande frå områder med høgare smittetrykk tek ein koronatest nokre dagar etter at dei har kome til Volda. Dette gjeld t.d. tilreisande frå Oslo og Bergen. Dette gjeld også dersom ein ikkje har symptom. Ein er då ikkje pålagt karantene i påvente av testsvaret.
Dersom ein kjenner seg sjuk eller har vore i nærkontakt med nokon med påvist covid-19, ber vi om at ein held seg heime og tek kontakt med koronatelefonen på 70058960 (open kl 09 - 12) for å avtale testing.

Vaksinasjon

Alle studentar som ikkje er vaksinert eller skal ta vaksine nummer to vil få tilbod om dette i Volda. Vi vil kome med meir informasjon til dykk når det er klart korleis dette skal gjennomførast.

Lokal Covid-19-informasjon

Volda kommune har samla informasjon knytt til Korona her

Høgskulen sine eigne Korona-sider finn du her. Dei gir deg svar på kva forskrift skulen har vedteke, altså kva rettar du har i samband med eventuell karantene, smitte og liknande Covid-relaterte utfordringar som kan oppstå i studieløpet. Der finn du også smittevernrettleiar, informasjon om utveksling, frammøte, eksamen og liknande. 

Les også gjerne nyheitssak på www.hivolda.no om korleis vi jobbar med å gjere studiestarten og fadderveka så trygg som råd, og kva smittevernomsyn som er teke. 

Vi arbeider hardt for at vi skal få ein koronafri og kjekk start på studieåret. Vi håper vi har dykk alle med på dugnaden!

På vegne av oss alle, hjarteleg velkomne til Volda! 

 

Beste helsing 

kommunelege Bent Ingebrigtsen og 
kriseleiar ved Høgskulen, Karen Lomeland Jacobsen.