Reiser, utveksling og karantene

Internasjonal reiseaktivitet er framleis påverka av Korona-pandemien. Reiserestriksjonar og innreisekrav kan endre seg raskt. Du er derfor ansvarleg for å sjølv følgje med på siste råd og retningsliner for reise til/frå det landet du skal til.

Utveksling til utlandet

Høgskulen i Volda har sidan hausten 2021 opna opp for utveksling til utlandet, utan landspesifikke avgrensingar. Nyttige lenker:

Studentar, føresette og tilsette som har spørsmål om utveksling må gjerne ta kontakt med Internasjonalt kontor (utveksling@hivolda.no).

Innveksling frå utlandet

Høgskulen i Volda tek i mot både internasjonale gradstudentar og innvekslingsstudentar. 

I tråd med Kunnskapsdepartementet si tilråding, vil Høgskulen i Volda dekke kostnaden av karantenehotell med inntil 5000 kroner for nye internasjonale studentar og innvekslingsstudentar. 

Merk at dette tilbodet ikkje gjeld for studentar som allereie studerer ved HVO.

Studieturar og praksis

Høgskulen i Volda tillét studieturar og praksis i Europa. Studieturar skal godkjennast av dekan. Praksis og studieturar utanfor Europa vert å bli bestemt av høgskuleleiinga i løpet av 2022.