Smitteverntiltak, HVO
Bruk smittevernrettleiar som rettesnor: Alle studentar og tilsette må sette seg godt inn i smittevernrettleiaren vår, og bidra til smittevern ved å følge reglar og råd
Undervisningsrom: Ved fysisk undervisning vil kvart undervisningsrom vil ha oversikt over maksimalt tal på personar og kart som viser kvar ein kan sitte for å halde 1 meters avstand. For å kunne gjennomføre dette har vi leigd inn ekstra rom. Undervisningstida (skuledagen) er utvida med tidlegare start og seinare avslutning, og ein del av undervisninga vert gjennomført digitalt
Handvask: Det skal vere såpe ved alle vaskar og på toalett. Automatisk handtørk vil vere avskrudd, men tørkepapir tilgjengeleg
Sprit til desinfeksjon: Det er utplassert automatiske handsprit-dispensarar og oppskrift for korleis bruke desse over heile høgskuleområdet
Reinhald: Vert gjennomført dagleg. Tilpassa utstyr til å tørke av maskiner og liknande på spesialrom vil vere tilgjengeleg, og må nyttast etter bruk
Sikresiden.no er oppdatert med eigen informasjon om koronaviruset, samt ei ny fane kalla "Ny hverdag" under "Førebyggande tiltak"