Digitale verktøy i matematikkundervisinga: Ny nettbasert vidareutdanning for lærarar
Høgskulen i Volda tilbyr no ei heilt ny vidareutdanning på 15 studiepoeng for matematikklærarar som i større grad ønsker å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga.
Høgskulen i Volda tilbyr no ei heilt ny vidareutdanning på 15 studiepoeng for matematikklærarar som i større grad ønsker å ta i bruk digitale verktøy i undervisninga.
Mange ønsker å ta i bruk ny teknologi i matematikktimane
– Mange skular har fått Ipadar eller berbare PC-ar. Vi er opptekne av at desse skal brukast på ein god måte i matematikkundervisninga, seier Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er ein av dei som skal undervise studentane på vidareutdanninga. – Vi veit det er mange dyktige lærarar i matematikk som ønsker å bli enno betre på bruke ny teknologi i matematikktimane. Gjennom denne vidareutdanninga vil dei få gode høve til å utvikle si digitale kompetanse i matematikkundervisninga, seier han.
Refleksjon rundt bruken av digitale verktøy i undervisninga
Vidareutdanninga startar opp i oktober og vert avslutta med eksamen i april. Gjennom studieåret skal studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga, og studentane skal få utvida kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke digitale verktøy i undervisninga. Refleksjonen vil mellom anna vere basert på vurderingar av kva fordelar og ulemper ulike digitale verktøy har.
Vurdere korleis teknologien vil endre matematikkfaget
Ingeborg Berget, som også skal undervise på kurset, legg vekt på at det er store moglegheiter i å bruke teknologien til å lære matematikk, men at matematikkfaget også vert endra på grunn av teknologiutviklinga. – I undervisninga vil vi både vektlegge å bruke teknologi som reiskap for at elevane skal lære meir matematikk, men vil også vurdere korleis teknologien vil endre matematikkfaget, seier ho.
Odd Helge Mjellem Tonheim og Ingeborg Berget.
Nett- og samlingsbasert
Vidareutdanninga er nettbasert, men har to obligatoriske samlingar i Volda, kvar på to dagar. Samlingane vert lagt til vekedagar, på dagtid og på ettermiddag. Utover desse to samlingane vil utdanninga i hovudsak bestå av tre delar: nettleksjonar, innleveringsoppgåver og "spørjetime".
Arbeid mellom samlingane
Nettleksjonane vert lagt ut kvar veke, og kan bestå av ein undervisingsvideo, ein nettleksjon av tekst eller andre høvelege måtar å formidle fagstoffet på. Omtrent annankvar veke vil det vere ei lita innlevering knytt til dei to siste vekene sine nettleksjonar. – Desse innleveringane kan mellom anna vere ein liten videosnutt der studenten løyser ei oppgåve med eit digitalt hjelpemiddel, det kan vere eit skjermbilete med ei lita forklaring, eller ein kort refleksjon, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, som påpeikar at desse oppgåvene skal vere knytt til studentane sin praktisk bruk av digitale verktøy i sin skulekvardag.
Kort veg mellom lærar og student
Høgskulen i Volda er oppteken av at det skal vere kort veg mellom lærarar og studentar, også om ein ikkje fysik er på same stad. – «Spørjetimen» er ein time ein ettermiddag i veka, der vi som underviser går gjennom spørsmål som studentane måtte ha, forklarar Ingeborg Berget. – Ved hjelp av live-videoundervising kan den enkelte studenten få svar på spørsmål han eller ho har, og som kan kome andre studentar på vidareutdanninga til gode, avsluttar Berget, som jobbar på institutt for realfag ved Høgskulen i Volda.