Svenskar kjem til Volda for å lære

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har i over 20 år sendt ut sine grunnskulelærarstudentar for å ta over ein grunnskule i ei heil veke. No følgjer fleire og fleire skular etter, òg i Sverige.  

Denne veka har høgskulen hatt besøk frå eit svensk universitet som ynskjer å lære meir om lærarutdanninga i Volda. Og dei lòt seg imponere.

—Det er veldig interessant å høyre kor godt organisert alt er, og spesielt om korleis høgskulen følgjer opp studentane sine medan dei er i praksis. Eg liker at høgskulen sender ut nokon ein heil dag i praksisen for å vere der for studentane sine, fortel Katrin Bladh. 

Besøkte Vartdal skule

Mykje praksis er viktig for studentane, og student Vidar Bergheim Hoel meiner skuleovertakinga gjer dei til betre lærar. 

—Det er spennande å få styre skuta sjølv, og vi ser at studentane er veldig engasjert og tek ansvar. I vanleg praksis vert det fort litt mange vaksne som observerer, det er ikkje så reelt med tanke på korleis det vert når vi er ferdigutdanna. Ein slappar fort av og koser seg litt meir når ein har klasserommet for seg sjølv. 

Vartdal skule vert denne veka styrt av studentar frå Volda, og gjestane frå Sverige fekk derfor reise dit for å snakke med studentane som jobbar der. Vidar Bergheim Hoel er ein av leiarane ved skulen denne veka, og han viste svenskane rundt på skulen, og gav dei eit innblikk i korleis skuleovertakinga er for studentane.  

Fleire tiår med erfaring 

Det er ikkje utan grunn at Volda er dyktige på praksis. Høgskulen har brukt fleire tiår på å byggje opp og utvikle ei god praksisordning, både for høgskulen, studentane og elevane ved samarbeidsskulane.  

—Vi er no midt i ein omstillingsprosess og ynskjer derfor å sjå kva kvalitetar vi kan hente inn frå andre stader, seier universitetsadjunkt Tor Ahlbäck. Han synes utdanninga i Volda er veldig spennande, og vil no finne ut korleis dei kan endre og betre si eiga lærarutdanning.

Linnéuniversitetet er ei samanslåing av Växjö universitet og høgskulen i Kalmar, og har 32 000 studentar. Avdelinga i Kalmar har hatt ei prøveordning med skuleovertaking, og avdelinga i Växjö er no på jakt etter inspirasjon til korleis dei kan omorganisere og betre si eiga lærarutdanning. 

Les meir om grunnskulelærarutdanningane i Volda 

Del på