Lærarstudentane i Volda tok over ein barneskule: – Det næraste ein kjem «the real deal»

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Har du nokon gong lurt på korleis det eigentleg er å vere lærar? Som lærarstudent ved Høgskulen i Volda får du verkeleg testa ferdigheitene og kunnskapane, når du skal å ta over ein grunnskule for ei heil veke.

– Før eg byrja på lærarutdanninga visste eg om at det var eit prosjekt på Høgskulen der lærarstudentane fekk litt meir ansvar. Men eg vart litt overraska over kor mykje ansvar vi fekk, at vi kom til å få alt i fanget, seier Sondre Bjørdal (23) frå Volda.

Saman med Eline Norhagen (22) frå Vanylven og resten av fjerdeårsstudentane i grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda, tok dei over heile Velle skule i Ørsta kommune i starten av februar.

Skuleovertaking Sondre Bjørdal og Line Norhagen

EKTE: Lærarstudentane Sondre Bjørdal og Eline Norhagen meiner skuleovertakinga er positiv for mange av studentane sidan det kjennast meir ekte, og ikkje så tillaga. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

– Det er eit spennande prosjekt der vi får testa oss både på godt og vondt, på ting vi kjem til å møte på når vi sjølv skal ut i arbeid etter utdanninga. Det er knallkjekt å få dette ansvaret, og eg trur vi har godt av å teste ut kva lærarjobben har å by på, seier Bjørdal.

Lærarutdanning

Ved Høgskulen i Volda kan du studere grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn og 5.-10.trinn, barnehagelærar-utdanning, PPU - allmennfag og
PPU - yrkesfag. Les meir om å bli lærar i Volda her!

Uvurderleg god oppleving

Under skuleovertakinga får studentane ansvaret i alt frå drift og administrasjon, til planlegging og undervising.

– Eg føler det er akkurat det same som ein annan dag, men det er litt godt å prøve seg heilt aleine utan at dei ekstra augene som følgjer med. Særleg når eg har spesialundervisning, seier ho og held fram:

– Det er noko anna å ta den telefonen heim og svare på sjukt born-melding, og øve seg på kontakt heim. Og så hadde vi foreldremøte veka før overtakinga.

Ifølgje Norhagen var dei føresette veldig positive og sa til studentane at dei verka som oppegåande lærarar og at dette kom til å gå heilt strålande. Slike forsikrande ord var gode å ta med seg inn i overtakinga.

LÆRER MYKJE: – Vi står i det og lærer vanvettig mykje av det i lag, seier Bjørdal om skuleovertakinga på Velle skule. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

– Å få ansvaret som kontaktlærar og skulen som ein heil organisasjon er ei uvurderleg god oppleving. Dette er det næraste ein kjem «the real deal», og det kan gjere overgangen frå utdanning til arbeid litt mindre hard, legg Bjørdal til.

Les meir: Lærarstudentane brukar praksisen i masteroppgåvene.

Derfor vil dei bli lærarar

Som lærar har Eline Norhagen eit ønskje om å gjere skulekvardagen god for mange elevar.

– Eg utdjupar meg i spesialpedagogikk og vil finne ut korleis eg kan hjelpe elevane som strevar fagleg eller sosialt på best mogleg måte, i alt frå lærevanskar til atferdsutfordringar.

Ho meiner også at det viktigaste å ha med seg inn i klasserommet er auga, øyrene og hjartet.

– Eg skulle ønskje eg fekk tildelt eit ekstra sett med auge i startpakken som nyutdanna lærar. Vi må sjå elevane og kva som skjer i klassa. Hjartet treng vi for å vere den ekstra omsorgspersonen, og øyrene for å lytte om kva som skjer på skulen og heime.

SKAL HA DET BRA PÅ SKULEN:Å lære seg det sosiale kjem framfor alt det faglege, det viktigaste er jo at elevane har det bra på skulen, meiner Norhagen. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

Sondre Bjørdal elskar å instruere, og er stor tilhengar av å arbeide med barn og ungdom. Derfor har han valt å bli lærar.

– Eg veit det er litt klisjé, men det er noko med det og vere der for ungdomen og borna. Å vere den eg sjølv trengde då eg var yngre. Kombinasjonen mellom det å vere litt rollemodell og det å instruere treff meg veldig.

Søk studieplass på grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn eller grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn i Volda!

Han trur også at ganske mange kan bli lærarar.

– Har du personlege eigeskapar hjelper det på, men eg trur at så lenge du har lyst til å vere der for barn og unge, leitar etter desse «Eureka»-opplevingane og merkar at det er kjekt å undervise, vil lærarutdanninga som regel treffe godt, smiler Bjørdal.

MEIR TAVLEUNDERVISNING FØR: – Den største skilnaden på elevane i dag og for 15 år sidan er den digitale kompetansen. Tavleundervisning og skriving i bøker var veldig eksklusivt det vi gjorde før, og vi brukte nesten ikkje data. Den digitale kompetansen elevane har i dag er skyhøg, meiner Bjørdal. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

Rektor: Gode ordningar for sårbare elevar

Vidar Nupen er rektor ved Velle skule, og fortel at dei har hatt praksis med skuleovertaking før. Sist gong for om lag åtte år sidan. Og som rektor er dette tredje gongen han er med på skuleovertaking.

– Utifrå mine røynsler er dette ein svært verdifull praksis for studentane som må gå inn i lærarrolla hundre prosent. Særleg nyttig er det å oppleve kor viktig det er med godt samarbeid både mellom studentane, med føresette og andre tilsette ved skulen, seier Nupen.

Han trur dei aller fleste elevane såg fram til ei kjekk og lærerik veke med skuleovertaking, samstundes som at det var nokon elevar som kvidde seg litt.

VAR IKKJE SOM HO TRUDDE: – Alle har gått på skule og har erfaringa med å vere elev, men ein veit ikkje kva det går ut på å vere lærar før ein prøver det. Det er noko anna enn det eg tenkte meg, seier Norhagen om læraryrket. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

– Vonleg har vi laga så gode ordningar for særleg sårbare elevar at alle har følt det har vore både trygt og godt med skuleovertaking, presiserer Nupen.

Rektoren meiner det for Noreg sin del vert stadig viktigare med ein kompetent og godt utdanna folkesetnad.

– Læraryrket er såleis av dei viktigaste yrka vi har. Det er dessutan uhyre interessant å vere med å forme framtida både for einskildmenneske, lokalsamfunn og samfunnet elles, seier Nupen.

Vil du bli lærar, fordjupe deg eller finne ut kva tilbod innanfor Kompetanse for Kvalitet Høgskulen i Volda tilbyr? Sjå alle studietilboda våre her!

– Den beste praksisen dei har

Høgskulen i Volda er ekspertar på skuleovertaking og har halde på med det i over 20 år. No har HVO samarbeidsavtale med om lag 22 praksisskular og rullerer på kva skule som skal ha overtaking kvart år.

Ifølgje Ivar Hagen, praksiskoordinator for grunnskulelærarutdanninga, gir skuleovertakinga gode utgangspunkt og føresetnader for når studentane skal byrje og arbeide som lærarar.

Ivar Hagen, praksiskoordinator for grunnskulelærarutdanninga

UNIKT: – Der er mange ting vi tenkjer er verdifullt, og det gir eit unikt læringsutbyte, seier praksiskoordinator Ivar Hagen. Foto: Tone Solhaug/HVO.

– For studentane er dette den beste praksisen dei har, noko vi har høyrt mange gonger. Eg tenkjer det kan vere ein god måte å prøve seg aleine på, kjenne på kva jobb det er og kor mykje det er. I tillegg vil ikkje sjokket ein kan få når ein går frå utdanning til jobb bli så stort, seier Hagen.

– Progresjonen i praksis er viktig, og du går fleire steg vidare oppover. Du skal stå i klasserommet og vere lærar, samarbeide med kvarandre, ha kontakt med heimane og utfordre deg i ulike situasjonar som oppstår.

Finn ut meir: Vil du ta vidareutdanning i spesialpedagogikk? Studer i Volda!

OMSYN TIL ELEVANE: – Det viktigaste ein tek med seg inn i eit klasserom er omsynet til elevane, uansett kva dag og situasjon det er. Eg meiner det er livsviktig å ha evna til å sjå korleis elevane har det, tilpasse seg sjølv, undervisninga og korleis ein er som kontaktperson, seier Sondre Bjørdal. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

Skaper relasjonar til elevane før skuleovertakinga

Lærarstudentane vert ikkje kasta ut i skuleovertakinga aleine og utan å vere godt førebudd, fortel Hagen. Først har dei tre veker med praksis på hausten i den same skulen. Om vinteren kjem dei tilbake og har ei praksisveke, så ei veke med skuleovertaking, før dei har ei ny og avsluttande praksisveke.

– Slik vert studentane og elevane kjende med kvarandre og skaper relasjonar før skuleovertakinga, som gjer det trygt og godt for alle involverte. I alle praksisane er også oppfølgingslærarar frå høgskulen med for å legge til rette og observere på skulen, seier praksiskoordinator Ivar Hagen.

Der skal også vere ein setterektor frå kommunen som har det juridiske ansvaret under skuleovertakinga, som kan trå til ved behov, i tillegg til assistentar og fagarbeidarar som jobbar på skulen.

Les meir: Visste du at Høgskulen i Volda er leiande i praksisordninga med skuleovertaking, og at fleire og fleire skular i Noreg og Sverige følgjer etter?

Lærarstudent Eline Norhagen meiner det kjekkaste med å vere lærar er når elevane har skikkeleg aha-opplevingar etter å ha prøv mange måtar å forstå noko på.

«AHA»-OPPLEVINGAR: – Det kjekkaste med jobben er når elevane har prøvd mange forskjellige måtar å forstå noko på, og så får dei skikkelege «aha»-opplevingar og plutseleg so kan dei det, smiler Norhagen. Foto: Lene Mo Flataker/HVO.

– Dei gjer sin jobb, særleg for sårbare elevar, dei kjenner klassene godt og er ein kjempeviktig ressurs for oss. Og sjølv om lærarane på Velle skule ikkje er til stades fysisk, er moglegheitene blitt enda betre i høve rettleiing digitalt, seier Hagen og held fram:

– Vi er ein forholdsvis liten høgskule, men vi har meir og tettare kontakt med skulane enn det ein stor institusjon kanskje klarer. No skal vi starte opp med eit nytt prosjekt og skal sjå på nye utviklingsmoglegheiter og samhandslingsmodellar i høve praksis. Tett samarbeid med skulane om praksisfeltet er avgjerande og viktig for kvaliteten på praksisen vi tilbyr.

Markus Olav Grøtta studerte til å bli lærar ved Høgskulen i Volda. No jobbar han som lærar på barneskulen Øyra i Volda. Her fortel han om kvifor han ville bli lærar og korleis kvardagen hans er.

Del på