Ressursar for undervisarar
I arbeidet med digitale læringsformer finn vi litteratur som kan vere gode ressursar for deg som underviser i høgare utdanning:
Kvalitet i nettundervisning - en veileder
Rettleiaren frå Fleksibel Utdanning Norge gir praktiske tips til undervisningsplanlegging. Fokuset er på korleis ulike undervisningsaktivitetar og undervegsvurdering kan hjelpe studenten til å nå læringsutbyttet. Lesaren får såleis råd om korleis realisere målsetjingane i emneplanane i undervisninga. Relevant for undervisningsplanlegging både knytt til nettbasert og campusbasert opplæring.
Digitale læringsformer i høyere utdanning
Trine Fossland har skrive ei bok som tek føre seg eit breitt utval læringsformer i digitale omgjevnader, og ho peikar på sterke og svake sider ved ulike tekniske løysingar.
Digitalisering for utdanningskvalitet
Utdanningskvalitet og utdanningspraksis har kome ut av forskingsskuggen med stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høyrere utdanning. Denne rappporten frå Norgesuniversitetet oppsummerer korleis aktørar i UH-sektoren koplar digitalisering og utdanningskvalitet; Kva gjer institusjonane for å trytte at digitalisering fremjar utdanningskvaliteten, og kva tiltak foreslår dei framover?
Den digitale lærergenerasjonen
Kvifor ser det ut til å vere vanskeleg å endre undervisningsmønster i tråd med skiftande teoriparadigmer og ønskjer frå politiske myndigheiter? Forfattarane set søkelyset på kompelksiteten i lærarrolla som hinder for bruk av teknologi i opplæringa.
Kultur for kvalitet- Meld. St.16 (2016-2017)
Kultur for kvalitet fremjar ei rekke tiltak som har til hensikt å heve undervisningskvaliteten i UH-sektoren.
Digitaliseringsstrategi for univerisitets- og høgskulesektoren
Strategi for digitalisering i høyere utdanning og forskning 2017 - 2021.
Ta kontakt med oss om du vil drøfte korleis bruke digital teknologi i undervisninga!