Utstyr

Studentar og tilsette kan låne utstyr med Læringsverkstaden. Formålet med lån av utstyr skal vere relatert til studie, undervisning, praksis eller forsking. 

Vi brukar utlånssystemet Cheqroom til reservasjon av utstyr. Cheqroom finn du ved å følge lenka nedanfor eller på mobil ved å laste ned appen på Google Play eller App Store. Du brukar vanleg Feide-innlogging. 

Utstyret kan hentast i Læringsverkstaden i opningstida vår (måndag - torsdag 13.00 - 16.00) eller etter eigen avtale med tilsette ved Læringsverkstaden. Dei tilsette ved Læringsverkstaden gir deg opplæring i korleis du brukar utstyret når du hentar det. 

Retningslinjer for utlån av utstyr frå Læringsverkstaden:

Utstyr kan lånast av studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda.

Formålet med lånet av utstyr, skal vere i tråd med eitt eller fleire av følgande formål:

  • Arbeid knytt til oppgåver, arbeidskrav og liknande.
  • Bruk i praksis
  • Forskingsarbeid
  • Tilsette kan også låne utstyr for å førebu eller gjennomføre undervisning.

Alle formål nemt ovanfor skal vere knytt til studier ved Høgskulen i Volda. 

Alle utlån skal gjerast gjennom Cheqroom.

Det er lånetakar som er ansvarleg for utstyret som vert lånt.

Utstyret skal leverast tilbake i same stand som det var i ved utlån. Alt innhald på minnekort o.l skal slettast ved innlevering. 

Lånetida er inntil 1 veke, så lenge ikkje anna er avtalt med leiar av Læringsverkstaden.

Brudd på retningslinjene kan føre til at ein vert utestengt frå utlånsordninga.